Slåtten skule
Angedalsvn.71
Boks 338
6802  FØRDE

Tlf:     57834500
Fax:    57834501

Løvetanna SFO:
57834521
Skogstjerna SFO:
57834544

Visjon
Slåtten skule med kunnskap, forståing og samarbeid inn i framtida.
Slåtten skule
ligg i nærleiken av Førde Sentrasjukehus. Skulen var ferdig i 1994, og er ein  1-7 skule med  379 elevar. Kart. Bilete.

Nyhende

thumbnail.jpg

17. MAI

Elevane møter på kunstgrasbana ved Førdehuset til oppstilling kl. 11.00. Det er merka kvar Slåtten skule skal stå. Toget startar kl. 11.15 og endar opp på kunstgrasbana. Hugs å ta med flagg! Elevane kan ha med fløyter og anna ”lydmateriell” i 17. mai-toget. Det er fint om klassekontaktane til elevane på 1. og 2. steget kan syte for at 3-4 foreldre går i tog i lag med klassen.
Les meir »   15.05.2012

P5090124.JPG

Eventyr på 5.steget

5.steget har i ein periode jobba med eventyr. Som avslutning skulle elevane dramatisere eit sjølvvalt eventyr.
Les meir »   15.05.2012

DSC_0049.JPG

4a på gym-ekspedisjon

Vakker vår i Førdslia då 4a tok gymtimen i skogen ovanfor skulen. Breie smil, godt humør og viltre vårsprell frå start til slutt. Kjekk time for gymlæraren og:)
10.05.2012

P5030083.JPG

1A og 1C på skogstur

Fredag 4 mai, var 1A og 1C på skogstur like ovanfor Slåtten skule. Som de ser av bileta, var det kjekt å gå på oppdagingsferd, og spesielt når vi fann saueskjelett! Ein fin tur med mykje kjekk leik.
09.05.2012

P5040050.JPG

Vårtur med 3. trinn

Endeleg vår, fredag 4. mai var 3. trinn på tur til Vieåsen. Kaldt, men sola skein heldigvis av og til.
09.05.2012

CIMG1029.JPG

Brenneslechips på Løvetanna

Onsdag 2 mai steikte vi brenneslechips på SFO Løvetann. Brenneslechips er alltid populært og enkelt å lage. Barna blir utstyrt med eingangshanskar og saks. Vi brukar berre det øvste skuddet av plantar som er komme omlag 10 cm opp av jorda. Neslene må og vaskast før bruk. Steikinga gjer vi på bålpanne og krydrar med salt og pepar og eventuelt andre krydder for å få litt ulike smakar. Dette er jo spennande sidan brennesle jo eigentleg er litt "farleg". Men neslene si gift vert nøytralisert i varmebehandlinga og det smakar overraskande godt.
03.05.2012

Utsetjing av vårdugnad!

Planen var at vi tysdag 8.mai på vårdugnaden skulle setje opp to nye store leikeapparat. Leveringa av desse apparata er dessverre forsinka. Vi må derfor utsetje dugnaden. Vi tek kontakt når vi har klar ein ny dato for vårdugnaden. Rektor
03.05.2012

dsc06308.jpg

Tivoli på SFO Skogstjerna

Denne veka vert det arrangert TIVOLI på SFO Skogstjerna. Tysdag er det fjerdeklassingane som arrangerer for førsteklassingane. Torsdag er det tredjeklassingane som arrangerer for andreklassingane. SFO-lokala er då møblert og pynta med ulike boder. Vi har ballkast på blikkboks, bowling, strikkpistol, lykkehjul, fiskedam, stø på hand og pilkast på ballong. I tillegg er det popcorn og saft å få "kjøpt" i kafèen.
Les meir »   25.04.2012

Påmelding til SFO dei inneklemte dagane 30 apr og 18 mai.

Det heng påmeldingsliste i garderoben på SFO. De kan og sende ein mail til SFO-leiar og melde på den/dei dagane de ynskjer å nytte.
24.04.2012

RSS

Logg inn (Fronter)

 http://www.alesund.kommune.no/sub/spjelkavikbs/images/stories/ikoner/fronter_logo.gif
Brukarnamn:
Passord:
Språk: