Den årvisse SFO-veteranturen til Nesholmen vart i år arrangert 1-2 juni. Vi var heldige med været.
Turen greidde å oppfylle dei store forventningane. Etter busstur og inkvartering vart badesesongen åpna med mykje skrik og skrål. Vatnet var nok kjøleg men ikkje avskrekkande for dei fleste. Det var i år ganske mange fiskestenger med i bagasjen, og vi hadde førebudd oss med graving av mark. Og fisk blei det, 2 fine ørrettar sprella etter kvart på berget. Og vart steikt saman med mykje anna god grillmat på oljefatgrillen. Så var det redningsvest på, og med padleåre i hand ta seg ein kanotur i Nesholmbukta. Ut på kvelden har dei fleste seg ein tur i klatreskogen før det er på tide å komme seg i hus og la roen senke seg i leiren. Morgonen kom med frukost og morgonbad for dei som var klar for det. Så kom bussen og "eventyret" var slutt for denne gang.
Veteran-tur til Nesholmen 2010