Avslutning av skuleåret

Tysdag 15. juni kl. 17.30 - 19.30 blir det felles avslutning på skuleområdet for elevar og foreldre på 1. - 6. steg - uansett ver!
Blir det regn går vi inn i klasseromma. Kvar heim syter for mat til seg sjølv. Vi har få parkeringsplassar! Det er ikkje lov å sykle på skuleområdet denne ettermiddagen. Attgløymde kle: Fram til tysdag 15 juni kan de leite etter kle på kles-lageret. Sjå elles i utsendt ranselpost.