Første veka på sommar-SFO hadde vi indianerveke. Dette er ein tradisjon vi har hatt nokre år og blir alltid ein suksess.
Første dag set vi opp leiren med tipiiane (telta) og tar på indianerkostymer. Så blir det laga pil og bogar og ein får lære å bruke pil og boge. Det er faktisk ein del å automatisere før ein meistrar kunsten å utnytte spennet i bogen til å få fart på pila. Seinare i veka vart det laga indianersmykker. Det vart smykker til hals og arm og fot i forskjellige variantar. Veka vart avslutta med grilling under tak. Grillværet som var bestilt kom ikkje, difor vart det grilling under eit av overbygga på skuleplassen. Men med bord pynta med sommarblomar og fyr på bålet vart det rett så koseleg.
Sommar SFO v 25 (13)